| Servering |
|
|
|
|
Hotel Grandane byr på rom og frokost. Frukosten blir servert frå kl. 07.00 til 09.00. Til vanleg serverer vi ikkje middag, men samarbeider om middagstilbod med Lindstrøm Hotell, som ligg berre 200 m frå Hotel Grandane.
Lindstrøm Hotel serverer buffet-middag i sesongen. Dette er ein tradisjonsrik måte å servera på i Sognefjorden. Buffeten har varme og kalde rettar. Dei kalde rettane er fisk i ulike variantar, frå tradisjonell røykelaks og gravlaks til grava uer og hai. Det er til vanleg 10-15 ulike kalde fiskeanretningar. Buffeten har også varm mat; to-tre kjøtrettar og eit par fiskerettar. I tillegg kjem kjøtanretningar, salatar og brød.
|



