Klima
Attraksjoner PDF Utskrift E-post

Nærøyfjorden

Dei vestnorske fjordane med Nærøyfjorden er no med på UNESCO si verdsarvliste. Nærøyfjorden er den mest dramatiske delen av Sognefjorden og er tilgjengeleg med båt heile året.

Sognefjorden

Nærøyfjorden, som er den mest spektakulære delen av Sognefjorden, fekk i 2005 plass på UNESCO si verdsarvliste. Den majestetiske Sognefjorden er kongen blant fjordane. Fjorden er 200 km lang og er på det djupaste 1300 meter. Fjorden er faktisk like djup som fjella omkring fjorden er høge.

Lærdal

I den tronge og lange Lærdalen bur det ca. 2200 innbyggjarar. Den viktigaste næringsvegen er i dag landbruk. Dette heng saman med at dalen er frodig, men samtidig tørr, ca. 400 mm nedbør i året. Langt inn i dette hundreåret var vegen over Lærdal den einaste heilårsopne vegen mellom Austlandet og Vestlandet. Lærdal er også i dag eit knutepunkt for samferdsla mellom aust og vest, og også for sambandet nord - sør. Verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen, som er 24 km lang, går mellom Lærdal og Aurland. Hovudvegen i Lærdal frå ca. 1100 til 1792 var Sverrestigen. Den skulle vera brei som ei spydlengd. Det vart bestemt alt i 1272.

Borgund Stavkyrkje

Borgund stavkyrkje er bygd om lag 1180 og er vigsla til apostelen Andreas. Kyrkja er godt bevart og er den mest typiske av norske stavkyrkjer. Besøkssenteret ved sida av kyrkja gjev god informasjon, ikkje berre om Borgund stavkyrkje, men også om dei andre stavkyrkjene i Noreg.
Borgund Stavkyrkje | Fotograf Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norge

Gamle Lærdalsøyri

Ved sida av hotellet ligg verneområdet Gamle Lærdalsøyri, med om lag 160 bygningar frå 1700- og 1800 talet. Eit heilskaplege bygningsmiljø i stadeigen byggeskikk slik som Gamle Lærdalsøyri, er unikt i Vest-Noreg. Alt tidleg på 1600-talet budde det folk på Gamle Lærdalsøyri.
Lærdalsøyri | Fotograf Knut Lindstrøm

Audioguiding

Du kan få guiding med MP3-spelar forbi 12 flotte gamle hus på Gamle Lærdalsøyri.

MP3-spelar får du låna gratis på Lærdal turistkontor, som du finn i Gamlebanken, på Gamle Lærdalsøyri.

Gamlebanken

Midt på Gamle Lærdalsøyri finn du Gamlebanken. Bygningen er i nyklassisistisk stil og vart oppført i 1926. Arkitekt var Johan Lindstrøm (1893 - 1958), fødd i Lærdal og utdanna i Stockholm. I huset finn du Lærdal turistkontor og ei permanent foto-utstilling, "Reiseliv - Samferdsle - Gamle Lærdalsøyri, som er open heile året.

Snøvegen mellom fjordane

Aurlandsvegen mellom Aurland og Lærdal er 48 km lang, og det høgaste punktet på vegen er 1306 m.o.h. Her får du ei fantastisk utsikt både til Nærøyfjorden og Jotunheimen. Etter at vegen vart ein av Statens vegvesen sine Nasjonale Turistveger, er det bygt ut gode rasteplassar og eineståande utsiktspunkt her.

Norsk Villakssenter

Ved Lærdalselva, berre eit par hundre meter frå Hotel Grandane og Lindstrøm Hotell, ligg Norsk Villakssenter. Her er det akvarium med levande laks, og du får læra om livshistoria til atlanterhavslaksen og tradisjonane kring laksefisket.

Borlo Bygdetun

Gardstun med museum, gamle gardshus, kulturlandskap, turløyper, foto / film og ymse arrangement. Ope etter avtale frå 20.05 – 20.08, tlf. 57 67 87 43.