Klima
Aktiviteter PDF Utskrift E-post

Området har eit tørt og mildt klima med mogelegheit for hyggjelege aktivitetar nesten heile året. I kommunane Lærdal og Aurland kan du vandra på historiske kongevegar eller i den vakre og ville Aurlandsdalen. Du kan spela golf på historiske Rikheim Gods, eller du kan sykla langs fjorden eller på Rallarvegen. Du kan også bada i fjorden eller fiska i eit av fjellvatna. Om sommaren kan du plukka jordbær, og om hausten kan du plukka tyttebær.

Båtturar på Nærøyfjorden og Sognefjorden

Sognefjorden er den lengste og djupaste fjorden i Europa. Den strekkjer seg 204 km inn i landet og er på det djupaste nesten 1300 m. Unn deg nokre dagar ved Sognefjorden! Her kan du oppleva vakker, vill og spennande natur til alle årstider. I vinterdrakt kviler landskapet i sølvgrå og kvite fargar, og om våren spring det ut i irr grønt med ei frodig fruktblomstring mot snøkvite fjell. Sommaren er grøderik, varm og tørr, og hausten er fantastisk fargesprakande.
Det går ekspressbåt frå Bergen til Sognefjorden - Balestrand, Vik, Leikanger og Sogndal heile året. Båten går også tilbake frå Sogn til Bergen.
1.5-30.9 går båten også mellom Bergen - Flåm / Flåm - Bergen.
1.5-30.9 går det bilferje på Nærøyfjorden: Kaupanger - Gudvangen og båt- / bilferje på Fjærlandsfjorden: Vangsnes – Balestrand - Fjærland.
Passasjerbåt Flåm – Aurland - Gudvangen går heile året.
I tillegg går det bilferjer over fjorden heile året. Fleire opplysningar finn du på fjord2.no

Fjordsafari - Flåm

På FjordSafari møter du erfarne guidar og har dermed den beste føresetnaden for å få ei spennande, vakker og innsiktsfull oppleving av den dramatiske Nærøyfjorden. I våre sikre og komfortable gummibåtar kan du oppleva både natur og kulturlandskap på nært hald.

Me utforskar landskapsvernområdet Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Det fekk plass på UNESCO si verdsarvliste på grunn av det dramatiske fjordlandskapet, kulturlandskapet og det rike dyrelivet. Området representerer eit av dei mest ekstreme, vakre og storslagne fjordlandskapa i verda.

Undervegs stoppar me for å speida etter dyreliv og dei gamle gardsbruka som ”heng” høgt over fjorden på små hyller i fjellsidene. Guiden fortel deg om fjordlandskapet, den lokale historia og dyra som lever i og langs fjorden.

Du kan velja mellom 1,5 timars, 3 timars eller 5 timars FjordSafari-turar. Vi har daglege avgangar frå Flåm hamn i perioden mai - september, elles på førespurnad.

I tillegg til dei faste FjordSafari-turane skreddarsyr vi ekskursjonar heile året, i kombinasjon med andre aktivitetar for ulike grupper og til spesielle høve.

Rallarvegen | Fotograf Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norge

Vandring – Historisk Rute

Dei mange historiske vegane i Lærdal er både nasjonale turistattraksjonar og gode turvegar. I området nær Borgund stavkyrkje finn du Sverrestigen, Vindhellavegen, Seltåsen og Galdanevegen. Mellom Kyrkjestølen på Filefjell og Maristova går 15 km av den gamle Kongevegen mellom Austlandet og Vestlandet.

Sverrestigen
går mellom Husum og Borgund stavkyrkje. Denne gamle kløvvegen har fått namnet sitt etter kong Sverre (1177-1202). Tilkomst med buss eller bil, parkering ved Rimskjold ungdomshus eller Borgund stavkyrkje.

Vindhellavegen
går gjennom fjellpasset mellom Husum og Borgund stavkyrkje. Vindhellavegen i kombinasjon med Sverrestigen er ein svært fin rundtur. Tilkomst: Vegen er lett å gå frå Borgund stavkyrkje til Husum. Bruk buss eller bil. Det er busstopp / parkering ved Borgund stavkyrkje.

Vegen over Seltåsen
er ein fin turveg der ein passerer fleire utsiktspunkt mot husmannsplassen Galdane og fossen Sokni. Vegen er i seg sjølv eit imponerande byggverk med over 18 meter høge murar. Tilkomst / parkering ved rasteplassen Koren.

Galdane-Seltåsen
er ein vakker rundtur med start frå Seltun eller Sjurhaugen. Ein går forbi husmannsplassen Galdane og ned att langs med Lærdalselva. Turen tek ca 4 timar.

Øygardsvegen
bind saman Vindhellavegen og Sverrestigen med Seltåsevegen og kongevegen over Galdane. Han tek av like før Nedre Kvamme Bru (500 m nedanfor Husum). Her finn du restar av alle gamle vegar. Tilkomst med buss eller bil. Parkering ved Husum eller Sjurhaugen.

Det er toalett ved Borgund stavkyrkje og rasteplassen Koren.

Vandring rundt Lærdal sentrum

Sentrum-Hedler-Mjølkeflaten-Stødno-Øyabrua-Sentrum
Start frå sentrum. Gå over brua mot Fodnestunnelen (riksveg 5) og ta til venstre. Gå langs stranda. Du kan gå direkte til Mjølkeflaten (81 m.o.h.) eller om Jektesanden. Frå Mjølkeflaten går du vidare mot Stødno, gardsvegen til Øyabrui og vidare langs elva mot sentrum. Rundturen tek omlag 2 timar.

Saltkjelen-Ljøsnaveiti
Start frå busshaldeplassen Saltkjelen på Ljøsne (på E16, ca 15 km frå sentrum). Vegen er merka og har informasjonsskilt. Veita vart bygd i 1890-åra for å føra vatn til gardane på Ljøsne som låg oppe på terrassen. Ein god del av veita er lagt ut til turveg. Veita er eit imponerande byggverk i ein vakker natur med ein interessant flora. Turen går om lag 120 m.o.h. og tek 1 - 2 timar.

Sentrum-Oftedalen
Start ved Oftebrua, som ligg om lag 300 m aust for Lærdal sjukehus (ca 2 km frå sentrum; ein kan gå frå sentrum til Øyabrua, langs elva). Gå oppover langs elva Ofta på venstre side til stølsbrui, over denne til informasjonstavla der stølsvegen byrjar. Grei veg med turrettleiing og stadnamnskilt. Det er vakkert kulturlandskap og fin utsikt mot dalen og fjorden. Oftedalen ligg ca 780 m.o.h. og turen tek omlag 2 - 3 timar frå Ofta. Alternativt kan ein ta miniturar til Nedre Vangen (85 m.o.h.), Øvre Vangen (180 m.o.h.) eller Løberghaugen (375 m.o.h.)

Flåmsdalen | Fotograf Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norge

Lærdal Sport og Rekreasjon

Guiding av fjellturar, sykkelturar og fisketurar. Sykkelutleige Steppenwolf-syklar, båtutleige.
Online booking av aktivitetar og overnatting: www.laerdalsport.com
 

Sognefjord Sykkel

er ei 120 km lang sykkelrute. Startar du på Borlaug (45 km frå Lærdal sentrum mot Hemsedal / Gol), finn du mange attraksjonar. Den første er Borgund stavkyrkje, som vart bygt i 1180. Vidare nedover Lærdalen syklar du forbi imponerande, gamle veganlegg, nokre med historie heilt attende til vikingtida. Du syklar delvis på riksvegen, delvis på kommunale vegar. På fleire strekningar følgjer du Lærdalselvi, ei av dei mest kjende lakseelvane i Noreg. På Lærdalsøyri, sentrum i Lærdal, må du ta deg tid til å besøkja Norsk Villakssenter og Gamle Lærdalsøyri med det gamle, vakre bygningmiljøet. Frå Lærdal tek du ferja til Kaupanger. (Om sommaren har ho 4 avgangar dagleg). Du syklar vidare til Luster og tek ferja frå Solvorn til Ornes. Her ligg Urnes stavkyrkje. Langs fjorden kan du sykla vidare til Skjolden, og gjerne vidare Sognefjellsvegen til Turtagrø.

Omtale av dei ulike vegstrekningane:
Borlaug-Steinklepp-Lærdal er ei variert strekning på totalt 45 km, for det meste på asfaltert flat veg - delvis riksveg (E16) og delvis på rolege kommunale vegar. Du syklar også på Historisk Rute, der du kan oppleva gamal vegbyggingskunst i dramatisk natur. Vegen frå Kaupanger ferjekai til Sogndal er tungtrafikkert. Det er mogeleg å ta med sykkelen på bussen i samband med dei fleste ferjeturane.

Fiske i Lærdal

Fjordfiske: Det er fritt fiske i fjorden.

Elv: Lærdalselvi er open for laks- og sjøaurefiske. Innlandsfiske i øvste delen. Pris frå ca. kr. 400 . For informasjon om laksefiske: www.laerdalselvi.no.

Lærdal Sport og Rekreasjon tilbyr fjordfisketurar.

Fjellvatn: Turistkontoret sel fiskekort og kart for aurefiske i fjellvatna. Dagskort frå kr 50.


Eksterne lenker