Hotel Grandane

Hotel Grandane

6887 Lærdal

Lokalisering

Reis som dei lokale
Med “Travel like the locals” – eller reis som dei lokale på godt norsk – kan du utforske “Fjord Norge”-regionen på våre turar med offentleg transport.

Opplev den vakre kystlinja, fjordane og fjella og besøk lokalsamfunna – og bruk miljøvennleg transport for å kome dit. Vi har “pakka” nokre av dei mest populære turane i området og har gjort det enkelt for deg å bestille turen. Du reiser på eiga hand – som dei lokale. Det er ingen guide eller turleiar med.

Meir informasjon: tltl.no

Bil

Frå Oslo med bil er det 300 km, ca. 5 timars køyring. I frå Bergen er 210 km, ca 3 timars køyring. Kjem ein frå Bergen kan ein ta ferja frå Gudvangen til Lærdal, ca 3 timar, ein båttur gjennom verdas vakraste fjordlandskap. Eller køyre Snøvegen Aurland - Lærdal, 1300 m.o.h., med fantastisk utsikt til Jotunheimen og Sognefjorden.
Snøvegen mellom Fjordane

Buss

Kjem ein frå nord via Geiranger er det 260 km sørover til Lærdal.
Nor-Way Bussexpress

Tog

Frå Bergen eller Oslo kan ein ta tog til Flåm. I frå Flåm til Lærdal er det ca. 45 minuttar å køyre.
Flåmsbana

Fjord Cruise

Kaupanger - Gudvangen. Cruise med bilferje på Nærøyfjorden - UNESCO.
Fjord2

Fly

Frå Oslo eller Bergen kan ein også ta fly til Sogndal. Flyplassen i Sogndal er ca. 45 minuttar frå Lærdal.
Widerøe.no