Hotel Grandane

Hotel Grandane

6887 Lærdal

Servering

Hotel Grandane byr på rom og frokost. Frukosten blir servert frå kl. 07.00 til 09.00. Til vanleg serverer vi ikkje middag, men samarbeider om middagstilbod med Lindstrøm Hotell, som ligg berre 200 m frå Hotel Grandane.

Lindstrøm Hotel serverer buffet-middag i sesongen. Dette er ein tradisjonsrik måte å servera på i Sognefjorden. Buffeten har varme og kalde rettar. Dei kalde rettane er fisk i ulike variantar, frå tradisjonell røykelaks og gravlaks til grava uer og hai. Det er til vanleg 10-15 ulike kalde fiskeanretningar. Buffeten har også varm mat; to-tre kjøtrettar og eit par fiskerettar. I tillegg kjem kjøtanretningar, salatar og brød.

Ein svært viktig del av buffeten er dessertane; heimelaga kaker, heimelaga puddingar, frukt, ost og kjeks.

Servering | Fotograf Terje Rakke/Nordic Life AS/Fjord Norge
Frokost vert servert frå kl. 0700 til 0900.